Entreprenøren Byggservice AS |  | | Dam Muradalen |
| | | | Verksemda er ein entreprenør som utfører alle typar grunn-, betong- og tømrararbeid. Oppdraga omfattar bustader, forretningsbygg, offentlege bygg, kaianlegg og betongdemningar. | | | Vi utfører også stikning, landmåling, masseberegning, reguleringsplanlegging, betongsaging og kjerneboring. Byggservice vart skipa i 1986, og etter 20 års erfaring i bransjen har vi tileigna oss solide kunnskapar og kompetanse som kundane våre kan nyte godt av. Firmaet står i dag fram som ein velrenommert byggentreprenør med kapasitet til å utføre alle typar grunn-, betong- og tømrararbeid. | | | Verksemda har over 25 høgt kvalifiserte og entusiastiske medarbeidarar. Oppdraga femner mellom anna om oppføring av bustadhus, forretningsbygningar og offentlege bygningar, i tillegg til kaianlegg, betongdemningar og betongarbeid for bygg. | | | Oppdragsgjevarane finn du innanfor dei fleste sektorar, som til dømes offentlege etatar, næringsverksemder og private aktørar. | | | Geografisk har vi heile Vestlandet som arbeidsplass, men verksemda satsar i høg grad lokalt i Kvinnherad kommune og i nærliggande område. | | | | | |
|